TOPPTURHELG

PÅ ELVA

Vi inviterer til topptur-langhelg på Voss med guida toppturar i vakker fjell- og fjordnatur. Etter ein herleg dag på ski, kan du nyte vedfyrt badstove, boblebad, isbading og sju-rettars middag på designhotellet Elva.

På guida topptur får du oppleva vill vestlandsnatur, herleg skikøyring og samlar nyttig kunnskap om toppturar og skredvurderingar. Det vert turar både for nybyrjaren og den meir turerfarne.

Vi inviterer til topptur-langhelg på Voss med guida toppturar i vakker fjell- og fjordnatur. Etter ein herleg dag på ski  kan du nyte badstove, boblebad, isbading og sju-rettars middag i designhotellet Elva.

På guida topptur får du oppleva vill og vakker natur, herleg skikøyring og samlar nyttig kunnskap om toppturar og skredvurderingar. Det vert turar både for nybyrjaren og den meir turerfarne.

Nøkkel info:

Pris:

Høgdepunkt:

Kven passar toppturhelga for?

Toppturhelga er ein samlingsplass for toppturinteresserte som likar å kombinere fjellturar, hygge og velvære. Det vert gjennomført turar tilpassa ulike nivå, så du treng ikkje vere supersprek.

Du veit korleis du kler deg for skiturar i høgfjellet på vinterstid. Du må kunne ta deg fram på ski under vekslande vêr- og snøforhold med lett sekk på ryggen, både opp og ned.

Meir om sjølve turane:

Tre kompetente og erfarne guidar står klare til å ynskje deg velkomen torsdag kveld kl 17:30. Alle deltakarane samlast til eit felles ferdråd der me går igjennom vêr, snøforhold og skredvarsel for neste turdag. Guidane presenterer ulike turalternativ, svarer på spørsmål og går igjennom naudsynt utstyr. Me deler inn i grupper på 2-6 deltakar basert på turynskjer, fysisk form og skiferdigheiter. Alle vil få plass på ein tur som passar sitt nivå og sine ynskjer. Etter møtet vert det middag og hyggeleg lag.

Nivåinndeling av turar:

Det kan vere vanskeleg å vite om ein tur passar for deg. Her er ei grov inndeling som kan vere til hjelp. Meir informasjon får du på ferdrådet kvar kveld. Ring gjerne Øystein i Wild Voss, tlf +47 93484041 eller send epost til post@wildvoss.no om du har noko spørsmål.

Lett topptur:

Middels topptur:

Krevjande topptur:

Naudsynt turutstyr:

Inkludert i prisen:

Oppmøte:

Fyrste «ferdråd» torsdag kl 17:30. Det er mogleg å sjekke inn på hotellet frå kl 15:00. Ynskjer du å leige skiutstyr kan me ordne dette torsdagkveld. Ta kontakt om du ikkje rekk å kome til ferdrådet torsdag kl 17:30.

TIPS:

Har du spørsmål om dei organiserte toppturane, naudsynt utstyr, snøforhold eller ynskjer turtips – ta kontakt med Øystein i Wild Voss. Tlf +47 93484041 eller send epost til post@wildvoss.no. Hjå oss er gode råd gratis!

SEND FØRESPURNAD FOR BESTILLING