ELVA

HOTELL & RESTAURANT

Eit heilt spesielt hotelltilbod på Voss som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur.

Elva er eit lite designhotell med 14 rom og består av eit hovudbygg og fem unike småhus, alle med fantastisk utsikt mot vatn, skog og fjell. Usjenert sjølv om det ligg sentralt. Vakkert og vilt, året rundt.

Me held stengt på hotellet frå og med 20. desember og ser fram mot å opne att 9. februar. Me er tilgjengelege på e-post og telefon medan hotellet er stengd.

HOTELLET

Kvar bygning har fått namn etter ei elv på Voss, og kvart rom har fått namn etter kjende fossar og stryk i desse elvene . . .

FINE DINING

Restauranten ligg bokstaveleg tala rett ved elva med glasfasadar på tre sider og store uteområde under tak . . .

KONFERANSE

I etasjen over restauranten har vi plassert konferanserommet overhengande mot vassdraget . . .

ELVA I VINTER

Om du kjem til Elva i vinter, ver klar for endelaus moro! Voss har alt, med to fantastiske alpinanlegg . . .

ELVA I SOMMAR

Elva Hotell er ei avdeling av det etablerte aktivitetsselskapet Voss Active . . .

byggeprosjektet

vertskapet

Me tilbyr unike moglegheiter!

Eit unikt designhotell tek form

- med fokus på miljø og arkitektur.

Frå 9. juni 2023 kan Voss Active tilby ei komplett pakke som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur.

Eit berekraftig designhotell basert på solenergi, grunnvarme og miljøvenlege materialar vil snart stå klart til å ta i mot gjester frå både inn- og utland – gjester med ynskje om å oppleva noko heilt spesielt!

Det nye hotellet vil tilby

  • 14 unike rom med panoramautsikt fordelt på 6 bygningar
  • ny restaurant rett ved vasskanten
  • konferanserom med den aller beste utsikta
  • aktivitetspakkar heile året
  • løysingar basert på solenergi, grunnvarme og miljøvenlege materialar