Om arbeidsgivaren
Elva Hotell er ein del av selskapet Voss Active. Dette selskapet tilbyr komplette reiselivsprodukt som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur.
Elva Hotell er eit berekraftig designhotell som tek imot gjester frå både inn- og utland, gjestar med ynskje om å oppleva noko heilt spesielt. Voss er plassert midt i matfatet! Me kan sanke frå naturen omkring oss og er omslutta av gode produsentar som me vil ha eit tett og nært samarbeid med. Dette vil vi dele med gjestane våre.
Voss Active er ei av dei største aktivitetsbedriftene i Noreg og har i 30 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Me er omlag 50 tilsette som til saman utgjer 22 årsverk. Dei fleste tilsette er ganske unge og kjem frå heile verda. Her er raftinginstruktørar, klatreinstruktørar, kokkar, servitørar, reinhaldarar og kontorfolk. På fritida padlar dei, klatrar, fiskar, går fjellturar og alle er glad i naturen. Dei er flinke med gjestar og likar folk.
