Søk
Lukk
Hotell
Restaurant
7 Rettars smaksmeny
5 Rettars jolabord
3 Rettars smaksmeny
Elvatun kafé og bar
Konferanse
Arrangement
Aktivitetar
Vinter
Sommar
Jacuzzis og Badstove
Meir . . .
Praktisk info
Gåvekort
Vertskapet
Byggeprosjektet
Ledige Stillingar
X
BOOKINGVILKÅR
Generelle vilkår
Vi aksepterer kontantar og følgjande kredittkort: Visa, Mastercard, Maestro og Diners.
Faktura berre ved førehandsavtale, og då betaling pr. 10 dagar.
Bestillinga er bindande ved:
Betaling av arrangementet med stadfesta godkjent transaksjon. Ta vare på utskrifta.
Skriftleg stadfesting frå Voss Active.
Aktivitetar
Voss Active AS tar atterhald om endring eller kansellering av arrangement grunna vasstand eller vêrtilhøve.
Turar kan verte kansellerte eller flytta om vi ikkje har mange nok gjestar påmeldt til å gjennomføre aktiviteten.
Dersom Voss Active AS kansellerer, skal vi tilby alternativ aktivitet om mogleg. Kunden kan velje å trekkje seg frå bestillinga og vi refunderer 100%.
Deltakarar er sjølv pliktige til å innhente informasjon om våre aldersgrenser, krav til fysisk helse osv.
Mindre justeringar i tal kostnadsfritt inntil 24 timar før innsjekking, men ver snill og hald oss fortløpande oppdatert.
Det vert kravd betaling for bestilte plassar som ikkje vert nytta!
Avbestillingsvilkår
Total avbestilling kostnadsfritt seinast fire veker før arrangementet/ opphald.
Avbestilling fire til to veker før arrangementet/ opphald: Vi refunderer 80 % eller fakturerer 20 % av bestillingas totale verdi.
Avbestilling to veker til 24 timar før arrangementet/ opphald: Vi refunderer 50 % eller fakturerer 50 % av bestillingas totale verdi.
Avbestilling seinare enn 24 timar før arrangement/ opphald: Ingen refusjon eller 100% faktura av bestillingas totale verdi.
Avbestilling ved sjukdom/skade: Må stadfestast av lege. Kostnadsfritt så lenge vi er varsla innan arrangementet startar.
Ved avbestilling ber vi om at kopi av bestillinga vert send skriftleg til Voss Active AS med eventuelle vedlegg.