Kvar bygning har fått namn etter ei elv på Voss, og kvart rom har fått namn etter kjende fossar og stryk i desse elvene. Strandaelva er hovudbygninga med fire hotellrom, konferanserom og restaurant – alle med vidsyn over Lundarvatnet og fjella bak. Her er også sportskafé, bar, boblebad av høgste kvalitet og vedfyrt badstove.
Fire av dei frittliggjande småhusa har frå to til tre rom stabla oppå kvarandre, desse heiter Myrkdalselva, Raundalselva, Vosso og Teigdalselva. Småhuset som ligg heilt framme ved vasskanten har berre ei eining og heiter Tvinnefossen – spektakulært akkurat som den mest kjende fossen på Voss. Alle romma i desse bygningane har store dobbeltsenger plassert i nisje ytst mot vindauget og nokre rom har i tillegg dobbeltseng på hems.
Hotellromma har plassbygde møblar frå Styve møbelsnikkeri, norskproduserte møblar frå norske designarar mellom anna den kjende lokale designaren Torbjørn Afdal, seng frå Wonderland, kvalitetsdyner og -puter. Hos oss skal du ha det godt og sove godt.
Frukost er inkludert med alle rombestillingar og vert servert mellom 08.00 og 10.00
Bestilling av halvpensjon inkluderer 7-rettars meny på laurdagar og 3-rettars alle andre dagar.
Ynskjer du eit lengre opphald og middag berre enkelte dagar, så anbefaler vi å bestille rom/frukost og legge til middag i same handlekorg i neste trinn.

